Laster Arrangement

FjordIT konferansen 2019: “Digitalisering og ledelse”

28 august kl. 09:00 - 29 august kl. 14:00

| 3900kr

Arrangement Navigasjon

Velkommen til Førde og FjordIT konferansen 28. og 29. August 

FjordIT konferansen er ein konferanse for leiarar, mellomleiarar og beslutningstakarar i verksemder innan privat næringsliv og offentleg sektor.

I år har konferansen tematikk kring  “Digitalisering og ledelse”. Vi forsøker sette på dagsorden aktuelle tema kring ledelse i ei tid prega av digitalisering, der vi samtidig må ha fokus på sikkerheit.

Konferansen går over 2 dagar og med bankettmiddag 28. august.
Vi avslutter med lunsj torsdag 29. august.

Det vert høve til å booke møter med våre partnere på slutten av dagen 28. august. Dette kan du bestille fortløpande i løpet av konferansen dersom det vert presentert løysingar som kan være aktuelle for di bedrift.

Det vert ikkje halde foredrag med teknisk fokus under konferansen, Dersom du likevel ynskjer ein samtale med meir teknisk innhald, så vil du få høve til det i møte med våre partnarar og oss på på stand eller i møte.

 

Foredragshaldarar:

Vi har sikra oss gode foredragshaldarar, både blant våre partnarar og eksterne foredragshaldarar, samt god underhaldning. Dette blir 2 dagar spekka med fagleg godt innhald og god underhaldning.

Fleire vil komme til og oppdatert agenda vil du alltid kunne sjå her: FjordIT 2019

Konferansen vert opna av ordføraren i Førde, Olve Grotle

Konferansen vert opna av ordføraren i Førde, Olve Grotle. Vi gledar oss til å høyre han innleie 2 innhaldsrike dagar for oss.

Ståle Økland

Forfattar og ettertrakta foredragshaldar. Han er stadig å finne på lista over foredragshaldarar på internasjonale prestisjefulle innovasjonskonferanser.
Ståle Økland ser på tematikken ledelse i ei tid prega av digitalisering og automatisering.
Han ser at Noreg er i omstilling, vi står ovanfor både eit økonomisk og teknologisk skifte. Korleis vil dette påvirke oss, kvar finner vi forretningsmogelegheiter og risikoen?
Kva blir viktig for å lykkast?

 

Kjell-Ola Kleiven

Risk-direktør i Risk information Group (RIG) – spesialisert innan IT-sikkerheit.
Kjell-Ola Kleiven er også kjend frå TV med programmet “Svindeljegerne” og snart aktuell med eit nytt TV program “Naive Norge”
Då Kjell-Ola starta RIG for 10 år sidan lo folk av han, i dag har RIG alle norske banker som kunder, i tillegg til politiet og skatteetaten. Ingen ler lenger av det stadig veksande trusselbilete på IT sikkerheiten vår.

 

Jan-Robert Henriksen

Utdanna politietterforsker og jurist, men er i dag mest kjend som formidler av humor.
Jan-Robert Henriksen skal være med oss begge dagane, både som foredragshaldar og konferansier.
Han tek med seg eit heilt nytt foredrag til Førde, der fokus er arbeidsglede. Humor og trivsel i arbeidskvardagen er det viktige faktorer for ei bedrift si suksesshistorie? Hektiske arbeidskvardag, stadige endringar, Digitalisering og automatisering, trussel mot IT sikkerheit… vi må ha plass til arbeidsgleden også.

 

Sjå heile invitajsonen her: FjordIT konferansen 2019

 

Velkommen til Førde og FjordIT konferansen!

 

Detaljer

Start:
28 august kl. 09:00
Slutt:
29 august kl. 14:00
Kostnad:
3900kr

Arrangør

Serit Fjordane IT

Annet

Frist for påmelding
27.06.2019

Sted

Scandic Sunnfjord Hotell
Storehagen 2
6800 Førde
+ Google Map

« Tilbake til alle arrangement

Personvern og cookies