FjordTech 2020: Smartare utrulling og administrasjon av klientar

Med Intune/Autopilot kan nå også små og mellomstore få tilgang til ei løysing som før var forbeholdt dei store selskapa. Dette er noko av det Espen Marskar og Jan Erik Hauge skal snakke om på Fjordtech 2020, i Sogndal 4. - 5. Mars.

 

Smartare utrulling og administrasjon av klientar.

Med Intune/Autopilot kan nå også små og mellomstore få tilgang til ei løysing som før var forbeholdt dei store selskapa.

Espen Marskar

Fokus på standardisering og sikkerheit samt ta i bruk nye måter å rulle ut og administrere maskiner. Nå kan ein tilby moderne og effektive verktøy samtidig som ein har kontroll på selskapet sine data.

Er du leiar i ei bedrift eller kanskje IT-ansvarleg? Då bør du du lytte til Espen Marskar og Jan-Erik Hauge frå Serit Fjordane IT under Fjord Tech på Quality Hotel Sogndal fra 4.-5. mars.

Dei gir deg oppskrifta på heile IT-strukturen du treng til di bedrift. Skybaserte løyningar har dei siste åra revolusjonert måten ein tenker rundt infrastruktur og IT-løysingar. I tillegg har investeringane for bedriftene blir drastisk lågare.

– Det er spesielt det siste som vi synst er viktig å formidle, seier Espen Marskar, fagleiar klient i Serit Fjordane IT.

– Det som før var ei utenkeleg investering for små og mellomstore bedrifter, er no mogeleg fordi dei fleste løysingane kan leggast i nettskya. Hvordan du og bedriften kan gjøre dette, vil eg og min kollega Jan-Erik Hauge fortelle deg under Fjord Tech.

 

 – Kva får vi høyre?

– Kort fortalt skal vi vise korleis det siste innen utrulling og administrering av PC-ar kan

Jan-Erik Hauge

gjerast. Målgruppa er både små og store bedrifter.

– Kva er utfordringene for bedriftene?

– Den største utfordringen er komplisert IT- infrastruktur, og ikkje minst at bedriftene må investere i dyr programvare med en høg inngangspris. No betaler du pr bruker, pr månad. Du går med andre ord frå ein veldig komplisert infrastruktur med mange servera og store investeringar i ymse program- og maskinvare, til ei løysing  i skya som vert pris pr brukar. Det beste med slike løysingar er at de er lett å komme i gang med for bedrifta og dei ansatte.

Mange bedrifter har ulike systemer og programmer i drift. Office-pakkar, forretningssystem, regnskapsprogram, e-post og fillagring, kjenner de fleste til. Nokon program er skybaserte, nokon på server lokalt og mange system og program snakker ikkje saman. Fungerer ikkje systema saumlaust, kan dette kan koste mykje pengar i meir tidsbruk på grunn av rot i systema.

– Den store fordelen med skya er at du ikkje lenger treng å drifte IT-løysingane dine, eller å ha dyre back up-løysingar. Det tek leverandøren seg av.

Under FjordTech får deltakarane vite korleis bedrifta sine IT- utfordringer kan løysast.

– Vi køyrer ein demoløysing, Windows autopilot, for publikum under foredraget vårt. Vi tek heile prosessen frå du bestiller ein PC,  til den ansatte er klar for å logge seg inn i bedrifta sine systemer.  Dessuten vil Jan Erik ta for seg alle mogelegheitene som ligg i dette oppsettet, sier Marskar og avslutter med:

«– Dette vil du garantert ikke gå glipp av. Det er bare å melde seg på så fort som mulig.»

 

Les meir om FjordTech og påmelding her