Har de behov for assistanse med dykkar IKT-system kan de kontakte Fjordane IT sitt kundesenter. Kundesenteret er bemanna kvardagar i tidsrommet 7.00 – 16.00. Dersom de har spørsmål til vårt kundesenter eller ønskjer nærmare informasjon om våre tenester, så ta gjerne kontakt med oss.

Prosedyre for innmelding av feil og oppdrag:

Vi har eit sakshandsamingssystem som vi nyttar for å halde oversikt og kontroll på oppdrag, innmelde feil og aktivitetar på desse. I dette systemet kan registrerte brukarar følgje sine saker ved å logge seg på systemet via internett. Vi ønskjer at innmelding av saker og oppdrag blir gjort på ein av desse måtane, i prioritert rekkefølge:

1. Beskrivelse av problem eller oppdrag kan sendast til support@fjordane-it.no

2. Innmelding av sak direkte inn i vårt sakssystem (for registrerte brukarar).

3. Telefon til kundesenteret: 97 56 56 56

Fjernstyring

Dersom du ikkje finn ut av IT-problema dine kan vi kanskje hjelpe deg gjennom fjernstyring. Det betyr at du godkjenner at vi «overtek» styringa av di maskin for feilretting.

Klikk på Team Viewer under og kjør nedlasta klient. Oppgi deretter ID og passord til konsulenten.

Du kan også sende inn din henvendelse til Serit Stryn her.