Serit Fjordane IT søker Salgskoordinator

Til vårt kontor i Førde søkjer vi no ein dyktig salgskoordinator som skal bidra til økt effektivitet i våre leveransar, og som skal være med på å vidareutvikle eit straumlinjeforma salgsapparat. Stillinga som salgskoordinator rapporterar til Sal- og Marknadssjef. Som Salgskoordinator i Serit vil du også ha eit tett samarbeid med det øvrige salsapparatet, både i Førde, Stryn, Gaupne, og i Bergen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Støttefunksjon til kundeansvarlig på salg og teknisk avdeling i utforming av tilbod, referat og løysingsforslag.
  • Koordinator mellom teknisk avdeling og salgsavdeling. Koordinator skal iverksette nødvendige tiltak og bestilling av teknisk arbeid internt i organisasjonen når eit salg er gjennomført.
  • Effektuering av ordre via E-post, IBX og nettbutikk
  • Ansvar for nettbutikk, innhald og administrasjon av denne.
  • Handsaming, godkjenning, kontroll og ferdigmelding av inn- og utgåande faktura i system.
  • Ansvar for ulike produktlisensar for kundar, samt oppfølging av desse.
  • Samarbeid med controller og regnskapsfører ved oppfølging av betaling/uteståande betaling av både inngåande og utgåande faktura.
  • Betjene telefon via telefonsentral for salg, ha ansvar for inngåande firmapost og utsending av nyheitsbrev i forbindelse med kampanjar, arrangement m.m.
  • Være til støtte for salgsavdeling ved utarbeiding av anbod til anbodskonkurransar.


Kven er du?

  • Du kan vise til erfaring frå relevant fagområde.
  • Du innehar god IT- og systemforståelse.
  • Gode kommunikative evner på engelsk, både skriftleg og munnleg.
  • Fordel med kjennskap til Visma Business

Du er ein person som evnar å setje deg inn i komplekse spørsmål og problemer, og er raskt ute med å finne tilfredsstillande løysingar.

Du kommuniserar på ein klar, presis og strukturert måte og du samarbeider svært godt med andre. Som støttefunksjon for salgsleddet i Serit Fjordane IT ser vi etter deg som foretar sunne og rasjonelle vurderingar for å nå felles målsetting.


Vi tilbyr:

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med stor takhøgde.
  • Varierte arbeidsoppgåver hjå ei bedrift i sterk vekst, med korte beslutningsprosessar og moglegheit til å påvirke eigen arbeidskvardag.
  • Moglegheiter for fagleg utvikling via interne og eksterne kompetanseprogram.
  • Gode pensjon -og forsikringsvilkår, samt bedriftshelsetenester.
  • Konkurransedyktig løn.
  • Firmahytter i utlandet.
  • Fleksitid.
  • Internett og arbeidstelefon vert dekka av Serit.

Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje. For å søkje, følger du lenka merka “Søk her”. informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgiver dersom det ynskjeleg.

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.

Om arbeidsgiveren

Serit Fjordane IT har tre kontor i Sogn og Fjordane, og er fylkets største IT-leverandør. Du finn oss i Førde, Stryn og Gaupne. Sidan oppstarten i 1998 har vi levert tenester med høg stabilitet, yting og tryggheit. Gjennom lokal tilstedeværelse er vi den naturlige samarbeidspartnaren i fylket. i 2018 oppretta vi Serit Bergen som i dag har 6 tilsette.

Vi arbeidar i tett og nær dialog med kunden, og har fokus på å vidareutvikle IT som eit verdiskipande verkemiddel i bedrifta. Våre 30 dyktige medarbeidarar innehar høg kompetanse innan tenester som It-drift, datasenter, IT-rådgiving, infrastruktur, utvikling og digitale tjenester.